Voss og fjordane Guideservice AS er ein frittståande guideservice spesialisert på formidling av guidar til cruiseskip med anløp i Sogn og Hardanger. I tillegg assisterer me frå tid til annan med guidar til Bergen og andre cruisehavner langs norskekysten.



VfG vart etablert i 1988 og heilt frå oppstarten har me utdanna våre eigne guidar. Tidlegare vart denne utdanninga gjennomført som eit 80 timars kurs på Voss gjennom vinterhalvåret. I dag er språketterspurnaden så komplisert og mangfoldig at me ikkje greier å rekruttera særleg mange guidar lokalt lenger, men må henta dei frå mange land over heile verda. Dette har resultert i eit anna opplæringsbehov då me har guidane tilgjengeleg på staden berre ei kort tid før sesongstart. Eit par år sidan tok me derfor i bruk eit eigeutvikla online opplæringsprogram.

I dag er verksemda eigd av Travel Invest og Ingjerd Dymbe Anda. Travel Invest er også eigar av vår største kunde European Cruise Service AS. Ingjerd Dymbe Anda er i dag styreleiar, men er ute av den daglege drifta med unntak av eit opplæringsengasjement.

Firmaet er lokalisert sentralt på Vossevangen med 3 heiltidstilsette og ca 90 sesongtilsette frå mange land.

Dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta i firmaet. Dette inneber generelle administrative oppgåver med ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap, fakturering m.m), personaladministrasjon av både heil- og sesongtilsette, kontakt med både kundar og samarbeidspartar landet over m.m. Mange administrative oppgåver innan økonomi, booking m.m føregår på ulike dataprogram som krev gode datakunnskapar.

Cruisebransjens eigenart med korte bestillingsfristar, store bestillingar med kompliserte språksamansetningar og stor grad av tilgjengelegheit set store krav til fleksibilitet hjå det administrative personalet i verksemda. I sesong vert det mange lange dagar med både kvelds- og helgearbeid etter ei vaktordning. Dette gir moglegheiter for større fleksibilitet og avspasering på haust og delvis vinter.

Miljøet i verksemda er internasjonalt, dynamisk og prega av godt samhold. Sjølv om arbeidsspråket er norsk, så føregår mykje av både den munnlege og språklege kommunikasjon på engelsk.



home  /  history  /  guides  /  tours - services  /  useful links  /  intranet
contact us